Den Gud som bur i ævedom
har synt oss kven han er.
Han har utstrekt sine hender
for å femna om vår verd.
For vår skuld vart det fullført,
det som aldri kunne skje:
Gud Sebaot, forbanna, på eit tre!

Den Gud som bur i løyndom
opna famna då han kom;
han femnar heile kosmos
med sin kjærleiks lækjedom.
For koparslangen høgt på stong
fell Herrens folk på kne,
for Herren, allhèrs Gud, på krossens tre.

Ein stav vert sett i berget:
Det kjem vatten, det kjem blod.
Det renn utover jorda,
det riv føreheng i to.
Med blod som gjev oss æve-liv
og vatten som sét fri,
slik femnar Kristus heile kyrkja si.

Vår Gud har synt sitt andlet
på ein rå og blodut kross.
Han har utstrekt sine hender
for å femna alle oss.
Forlatt av alle vener
og forbanna av sin far;
det var mi skuld og mi einsemd Kristus bar.

Så mange slags profetar
kjem med nye, vakre bud,
men på krossen ser eg alt
som eg vil vita om min Gud!
Så fattig er hans frelseverk,
så vesal er hans veg
at han til og med er verdig nok for meg.

Reklame