For auge, som har sett altfor mykje,
men i trengsmål alltid ser ein annan veg,
som har lokka meg til fall so mange gonger
har min Herre vald å openberra seg.
For to blinde og bortvende auge
blir hans evige offer lyft opp!
Og eg skoder den Gud som er ande
bli kropp for min bortkomne kropp.

I hender, som har knytt seg i sinne,
i hender, som har lyfta seg til slag,
som har rive ned so mangt eit sårbart reisverk,
som har femna om så mange nederlag,
i ei handflate ligg han og bier
som han før låg på krubba sitt strå!
Ei frelse som ingen kan skjøna,
men sjølv eg maktar kjenna og sjå.

På mi tunge, som eg aldri har temma,
som renn over av giftige ord
blir han lagd som ei tagal tilgjeving,
paradisfrukt frå kyrkja sitt kor.
Ja, når alle dei velvalde orda
turkar ut og blir støv i min munn
har det evige Ord teke bustad
og blitt kjøt! For ei skremmande stund!

For i meg vil han vera og virka,
ja, i meg vil han festa sitt bu.
Og i meg vil han skapa av inkje
ei ørlita, skjelvande tru.
Det er knapt nokon høvande bustad
for kongen av himmel og jord.
Men han valde meg. Alt eg gjorde
var å koma til ferdigdekt bord.

Reklamer